Det nærmar seg Nor Fishing 2018

Nor-Fishing-2018 1.jpg

 

Nor- Fishing har sidan 1960 vore ein viktig nasjonal og internasjonal møtestad for fiskerinæringa, og er i dag ei av verdas leiande messer for fiskeri- teknologi. Dei siste åra har messa samla rundt 15.000 besøkande frå opptil 50 nasjonar. På messa presenterast alle nyheiter av betydning for næringa.

 

Nor Fishing 2018 finn stad i Trondheim 21. til 24. august, og fleire av våre medlemsverksemder er representerte på messa. Kvar du finn dei ulike versemdene i vårt nettverk, finn du informasjon om her.

 

Båtbygg AS (D-301)

Verft i Måløy som utfører reparasjon, ombygging og vedlikehald for offshore-, fiskeri og handelsfartøy. Våre store fortrinn er høgt kvalifiserte medarbeidarar og samarbeidspartnarar med lang erfaring – samt at vi har eit kompakt verft med korte avstandar mellom slipp, hall, dokk, verkstad, lager og kontor.

 

Flora Hamn KF (D-345 Fellesstand Sogn og Fjordane)

Flora Hamn KF eit knutepunkt for sjøtransport, midt i mellom Bergen og Ålesund. Vi er kommunen sitt hamnefaglege organ som skal ta hand om dei administrative og forvaltningsmessige oppgåvene som er lagt til kommunen etter hamne- og farvannslova, og føresegner gitt i medhold av lova.

 

Havyard Group ASA (D-342)

Havyard Group er eit verdsomspennande konsern med forankring i det sterke maritime clusteret på Nordvestlandet. Visjonen vår er Improving life at sea. Vårt fokus er å ha den beste kompetanse på alle nivå. Havyard Group leverer skipsdesign, skipsutstyr og bygging av avanserte fartøy for offshore petroleumsproduksjon, fiske og havbruk til skipsverft og reiarlag verda rundt.

Havyard Ship Technology`s er medlem i Maritim Forening. Verftet er lokalisert i Leirvik i Sogn.

 

Naval Consult AS (D-338)

Naval Consult AS er eit frittståande skipskonsulentselskap med kontor på Raudeberg nær Måløy. Vi har lang kompetanse innan design, konstruksjon og utvikling av fiskefartøy og brønnbåtar. Vi har og konstruert hurtiggåande passasjerfartøy/ spesialfartøy i GRP- sandwich og andre kompositt materialer. Naval Consult AS har i ei årrekke hatt posisjon som marknadsleiar innan kystnotfartøy, og held stadig eit forsprang foran våre konkurrentar innan utforming av denne type fartøy. Våre kundar utgjer i dag ein stor, topp moderne flåte over heile landet, og er i stadig vekst.

 

Seacon AS (D-346)

Seacon AS er eit selskap som driv maritim prosjektering, og innehar solid tverrfagleg kompetanse innan fartøy, fiskeri og maritim verksemd generelt. Teamet i Seacon utgjer eit ungt og nyskapande miljø med evne til å sjå nye løysingar, både innan design og funksjon. Vi har eit velfungerande nett av underleverandørar og partnarar. Seacon bruker den nyaste teknologi og 3D modellering i alle delar av prosjekteringa. Vi held til i Måløy.

 

Selstad AS (D-364)

Selstad AS har hovudkontor i Måløy og avdelingar langs heile norskekysten. Vi er ein leiande leverandør av produkt til fiskeri- og oppdrettsbransjen, både nasjonalt og internasjonalt. Vi leverer også sertifiserte jernvareprodukt, wire- og løfteutstyr til offshore og skipsverft. I tillegg tilbyr vi våre kundar eigen sertifikat- database. Selstad AS er Achilles- sertifisert.

 

Skipskompetanse AS (D-305)

Skipskompetanse er eit ingeniørselskap med hovudfokus på skipsdesign og prosjektutvikling. Vi har brei erfaring frå ulike fartøystypar som arbeidsbåtar, fiskefartøy og brønnbåtar. Skipskompetanse held til i Måløy på Vestlandet, eit område som har lang historie innan skipsbygging.

 

Stadtpipe (D-345)

Stadpipe held til på Stadlandet, og er eit selskap der kjerneverksemda er basert på produksjon av røyrdelar og spesialdelar i plast. Prosjektering og konstruksjon av spesialdelar er ofte avgjerande for å løyse kundens behov. Vi leverer komplette røyrsystem eller delar i termoplast til industrien.

 

Westcon Yards (D-320)

I løpet av det siste tiåret har Westcon Yards utvikla eit av dei mest moderne verfta i industrien. Verfta våre ligg langs norskekysten, og har tekniske fasilitetar som flytedokker, djupvasskaier for boreriggar, verdas største røyrbøyemaskin – som er sertifisert for kaldbøying av røyr, samt kraner med høg nyttelast og det nyaste av maskinelt utstyr. Dette gjer oss i stand til å møte ei kvar utfordring.

Westcon Yard Florø AS er medlem i Maritim Forening.

Kristin Svardal