Bygger internasjonalt teknologimiljø i Florø

Haptiq.JPG

Responsen Haptiq har møtt i marknaden etter oppstarten i januar 2018 har vore over all forventning, og dei går inn i ein kraftig vekstperiode der det blir viktig å bygge opp miljøet i begge kontora med personar som tenner på det dei driv med. Dei oppfordrer lokale talenter til å ta kontakt, døra står alltid på gløtt for personar med initiativ og relevant bakgrunn.

 

Haptiq sin posisjon som eit bransjeledande digitalbyrå trekker og kompetanse frå andre stader i landet. Eskil Sydengen er eit godt eksempel på dette. 29. september flyttar han frå Oslo og etablerer seg i Florø ilag med sambuaren. Ein åpen søknad til Haptiq førte han til Florø og stillinga som 3D artist. «Haptiq besitter ein unik kompetanse på internasjonalt nivå. Jeg gleder meg til å få jobbe med Chester Laquian og Birk Ottesen ved avdelingen i Florø, som er blant de beste på feltet», seier Eskil. Dei har og tilsett Hoa Binh Nguyen som ny project manager ved Oslo kontoret.

 

Haptiq får hendvendelsar frå mange forskjellige bransjar. «Alle» er nyskjerrige på muligheiter for å kunne nytte seg av AR/ VR og anna interaktiv 3D – og spesielt om bruk av slik teknologi kan spare dei for tid og ressursar. Vi har alltid ei strategisk tilnærming til prosjekta slik at både kunde og bedrift oppnår verdi frå første investering. Vårt fokus er korleis vi kan hjelpe kundane med å bli meir effektive, samtidig som vi rustar dei opp for bølga av nye digitale hjelpemiddel og plattforma som skyller over oss no, seier medeigar og dagleg leiar Ståle Lund - Andersen.

 

Vi erfarer i tilbakemeldingar frå kundar og i det vi ser i marknaden, at Haptiq har kome litt lenger enn dei fleste. Det gjer oss sjølvsagt både stolte og audmjuke at vi etter så kort tid allerede har fleire reelle prosjekter – nokre er levert, nokre er i sluttfasen og andre i startgropa, avsluttar Lund -Andersen.

Guest User