Båtbygg AS bygger om ferjer for Fjord 1

Maritim Forening Sogn og Fjordane gratulerer Båtbygg AS med to kontrakter inngått med Fjord 1.

Det tradisjonsrike verftet på Raudeberg skal bygge om to ferjer for Fjord 1. Ferjene det her er snakk om, er “MF Storfjord” og “MF Julsund”. I dag har desse dieseldrift, men skal no over på miljøvenleg elektrisk drift. Slik følger allereie Fjord 1 regjeringa sin komande handlingsplan for grøn skipsfart, og målsetjinga om at heile ferjesektoren skal være elektrifisert innan 2025.

Sals- og prosjektleiar ved Båtbygg AS, Kenneth Sekkingstad, seier dei er svært nøgde med desse kontraktene, og roser samtidig Fjord 1 for å skape aktivitet i regionen, og for at dei vel norske verft. Siemens er systemintegrator og står for leveranse av batterisystem, automasjon, elektriske fremdriftsmotorar, Power Management og IAS. Designet på ombygginga er delt mellom Båtbygg AS sine eigne ingeniørar og frå Multi Maritime AS. Arbeidet blir gjort i perioden april til oktober 2019.

Båtbygg.jpg
Guest User