Verdiskapingsanalyse

Vilje og evne til å skape konkurransekraft

Verdiskapingsanalysen er ein del av programmet «Supply Chain Network Sogn og Fjordane» i regi av Maritim Forening Sogn og Fjordane. Når vi no presenterer verdiskapingsanalysen for femte år på rad, så har vi for første gang, med same utval av verksemder, starta kartlegging av teneste- og produktleveransar innan fornybar energi. Talet på verksemder som leverer til petroleumsindustrien i vårt fylke er relativt stabilt både med omsyn til tal verksemder og forretningsområde. Og ikkje minst er det positivt å registrere at fleire verksemder ønskjer å levere produkt og tenester i framtida.

Framtidsutsiktene til leverandørindustrien i Sogn og Fjordane gjev absolutt grunnlag for optimisme. Når nye utbyggingar og felt i åra som kjem skal utviklast og driftast nær kysten av Sogn og Fjordane, er det viktig at vi har ein leverandørbase å syne til både overfor Statoil, Wintershall, Neptun Energi, Shell og deira hovudleverandørar.

Maritim Forening Sogn og Fjordane arbeider kontinuerleg med å skape samhandlingsrom der det kan vere ei forretningsmoglegheit mellom våre leverandørar og ein mogleg kunde.

Vi vil takke verksemdene som har teke seg tid til å svare på undersøkinga og PwC for bistand og dialog kring vidareutvikling av verdiskapingsanalysen. Takk og til INU-fondet, Statoil og Sparebanken Sogn og Fjordane via Sparebankstiftinga som støttar vårt arbeid med å utvikle petroleumsnæringa gjennom programmet «Supply Chain Network Sogn og Fjordane».

Helsing

Stein Kvalsund
Dagleg leiar
Maritim Forening Sogn og Fjordane

VERDISKAPINGSANALYSER

Last ned
Verdiskapingsanalysen 2016
Last ned
Verdiskapingsanalysen 2017
Last ned
Verdiskapingsanalysen 2018