Nyheter

Landstraum-millionar til både Westcon Yards Florø og Wergeland Base

Enova delar ut nye landstraum-millionar og både Westcon Yards Florø og Wergeland Base er på lista

Tjue nye landstraumprosjekt får støtte frå Enova og Westcon Yards Florø og Wergeland mottar høvesvis 3 MNOK og 4,3 MNOK.

-Enova arbeider for Norges omstilling til lavutsleppssamfunnet, og landstraum er ein viktig del av omstillinga maritim næring må gjennom. Heile 7 prosent av klimagassutsleppa frå sjøfart skjer mens skipa ligg heilt i ro ved kai, så landstraum kan kutte store utslipp. Det byggjer dessuten opp under batterirevolusjonen til sjøs, kor anlegg på land med tida også vil lade skipa, sier administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova.

Verftssjef i Westcon Yards Florø Mikael Johansen er strålande fornøgd med løyvinga. Med landstraum blir dei kvitt mykje utslepp og støy. Han fortel at dei allereie har eit landstraumanlegg, men med det nye anlegget kan dei levere til både rigg og skip. Planen er å ha portable containere som kan flyttast rundt på kaia avhengig av kor det er behov for straum.

Irene Wergeland, dagleg leiar i Wergeland Holding, melder at dette er eit viktig steg i den retninga Wergeland Base ønsker å gå. - Det er veldig viktig for oss som ei industrihamn å ha ein grønn profil og vi er takknemleg for å motta denne støtta frå Enova.

Publisert: 28.06.2017 06:28